Aftenbladet: 2008–2018: Sandnes feirar stort - Stavanger langt på etterskot

Mens Sandnes markerer tiårsjubileet for det europeiske kulturhovudstadsåret gjennom heile 2018, har Stavanger ikkje ein gong kome i gang med planlegginga av sitt opplegg - som skulle vore gjennomført i mars.


Info

PUBLISERT: 21.MAI.2018 21:23

Tirsdag kjem kulturminister Trine Skei Grande til Sandnes for å feira Vitenfabrikkens tiårsjubileum og opna jubileumsutstillinga «Øglænd i 150».

– Me feirar stort i Sandnes. Me har jobba med dette lenge, seier kultursjef Tone Strømø i Sandnes kommune.

– Me skal begynna å planlegga over pinse, seier kultursjef Arnfinn Bjerkestrand i Stavanger kommune.

14. juni i fjor møttest politikarane i Kommunalstyret for kultur og idrett i Stavanger til sitt siste møte før sommarferien. På sakslista stod blant anna eit forslag om å markera at det i 2018 er ti år sidan Stavanger og Sandnes var europeisk kulturhovudstad.

Kommunen hadde allereie sett av 100.000 kroner på 2017-budsjettet til planlegging og markering av tiårsjubileet. Nå foreslo rådmannen ei markering der gjenlevande prosjekt etter det store kulturåret blei løfta fram og fekk ei sentral rolle i markeringa. Det heile skulle kulminera med ein større internasjonal konferanse i Stavanger konserthus.

(....)

Godt i gang i Sandnes

Og i Sandnes er ein altså godt i gang med markeringa av tiårsjubileet:

– Me starta planlegginga for lenge sidan, samla fleire aktørar som framleis lever vidare etter 2008 og såg på kva me kunne gjera. 13.-17. juni gjennomfører me til dømes ein svær barne- og ungdomsfestival. Barnas by 2008 var Sandnes sitt største arrangement for barn og unge i kulturhovudstadsåret og feirar ti år i år, seier kultursjef Tone Strømø.

Vitenfabrikken opna også i 2008. Denne veka opnar kulturministeren altså Vitenfabrikken si største temporære utstilling nokosinne, «Øglænd i 150», som ein del av tiårsmarkeringa. Og 30. mai blir det bursdagsfest med gratis inngang, saft, kaker, aktiviteter og feiring heile dagen.

– Men eigentleg jubilerer Vitenfabrikken gjennom heile året, seier Strømø.

I tillegg arrangerte i mars Regional arena for samtidsdans biennale for å feira sitt tiårsjubileum.

– Har de samarbeida med Stavanger eller har de kjørt dykkar eige opplegg?

– Me har hatt ein dialog dialog med kulturkontoret i Stavanger. Men dei har ikkje hatt høve til å gjera noko i vår. Me har sagt at me markerer nå. Det har vore snakk om ein konferanse, men eg veit ikkje om noko konkret. Me får sjå til hausten, seier Strømø. (...)

Les hele artikkelen på aftenbladet.no

   
 

Nyhetsbrev

Ved å motta vårt nyhetsbrev får du tilgang på siste nytt og våre beste tilbud levert rett til din e-post.

Firmakontakt Som firmakontakt blir du vårt bindeledd til din bedrift. Du vil motta tilbud og forhåndsinformasjon om kulturhusets forestillinger via epost. Firmakontakten skal aktivt videreformidle informasjonen til de andre ansatte i bedriften og prøve å oppmuntre til gruppebestillinger. Ønsker du mer informasjon eller om noe virker uklart kan du gjerne ta kontakt pr epost abf@sandnes-kulturhus.no eller mobil 970 91 367.

Kategorier