Aftenbladet: Kulturlivet meiner kulturhovudstaden løfta kulturens status

Kulturlivet er på linje med folket i den positive vurderinga av Stavanger som kulturby ti år etter Stavanger 2008. Mange av kulturaktørane meiner den viktigaste etterverknaden av kulturhovudstadsåret er at kulturens status blei løfta.


Info

PUBLISERT: 28.MAI.2018 07:48

Sjølv om kulturhovudstadsåret svikta dei lokale, utøvande kunstnarane, blei kultur løfta fram som noko viktig. Kanskje er det i lys av dette sviket at atelierhuset, øvingsfellesskapet, dansesalen og Tou trykk blei realisert, meiner Ingeborg Kvame.

– Eg trur politikarane gjennom kulturhovudstadssatsinga såg kor viktig kultur kan vera. At dei fekk eit meir positivt syn på kunstens bidrag, seier Marit Aanestad.
Det er lunsj på atelierhuset på Tou scene. Rundt bordet på pauserommet i tredje etasje sit ein god gjeng av dei 31 kunstnarane som jobbar her, etter at atelierhuset stod ferdig i fjor sommar.

Nytt atelierhus

Dåverande ordførar Leif Johan Sevland slapp nyheita om at Stavanger kommune ville kjøpa og utvikla Tou Scene på nyttårsmottakinga på Ledaal 1. januar 2009. På det som var den første dagen i ittepå - tida etter kulturhovudstadsåret 2008.

Nettopp kjøpet og utbygginga av Tou Scene på Storhaug i Stavanger er eitt av elementa som går igjen når Aftenbladet har spurt 70 aktørar frå kulturlivet i Stavangerregionen om kva som er den viktigaste etterverknaden av kulturhovudstadsåret. Topp fem, om me skal oppsummera svara:
1. Kultur har fått større status og plass.

2. Utbygginga av Tou Scene.

3. Bygginga av Stavanger konserthus.

4. Etableringa av Regional arena for samtidsdans (RAS) på Sandnes.

5. Nye nettverk, både lokalt og internasjonalt.
Fredag presenterte Aftenbladet resultatet av ei omfattande spørjeundersøking blant innbyggjarane på Nord-Jæren rundt kulturhovudstadsåret og eventuelle etterverknader, gjennomført av Respons Analyse. Forskingsleiar Hilmar Rommetvedt ved forskingsinstituttet Iris i Stavanger karakteriserte svara som overraskande positive.
Les hele artikkelen på aftenbladet.no

– Overraskande positivt

   
 

Nyhetsbrev

Ved å motta vårt nyhetsbrev får du tilgang på siste nytt og våre beste tilbud levert rett til din e-post.

Firmakontakt Som firmakontakt blir du vårt bindeledd til din bedrift. Du vil motta tilbud og forhåndsinformasjon om kulturhusets forestillinger via epost. Firmakontakten skal aktivt videreformidle informasjonen til de andre ansatte i bedriften og prøve å oppmuntre til gruppebestillinger. Ønsker du mer informasjon eller om noe virker uklart kan du gjerne ta kontakt pr epost abf@sandnes-kulturhus.no eller mobil 970 91 367.

Kategorier